|
Kongemakta må få kontroll med handelen langs
kysten
Olav Haraldsson
den Heilage kjempar for sterkare kongemakt. For å klara det, må han redusera den
makta som hovdingane langs kysten har. Olav vil ta kontrollen over Vestlandet
og handelen langs norskekysten.
Som eit
ledd i denne planen, sender han vekk han den gamle gardsstyraren på Avaldsnes,
og plasserer Tore Sel som årmann på kongsgarden.
Olav legg ned forbod mot å selja korn til nordlendingane
I 1022
legg kong Olav ned forbod mot å selja korn til folk som
bur nord i landet. På
det viset blir det også vanskeleg for
hovdingane oppe i nord å bryggja øl og
halda gilder, slik som
hovdingar skal gjera.
Erling
Skjalgsson sel likevel ei kornlast til nevøen Asbjørn
Sigurdsson av Trondenes. Erling meiner
han omgår kongen
sitt forbod fordi det er trælane, ikkje Erling sjølv, som sel
kornet til Trondenes hovdingen.
Når
Asbjørn skal heimover, må han forbi Avaldsnes. Tore Sel konfisker
då heile
kornlasta på vegne av kongen. Han tek også
det vakre, stripete seglet, og gir
Asbjørn eit gammalt segl i
staden. Dette
er ei stor ærekrenking.
Asbjørn kjem til kongsgarden på Avaldsnes
Påsken
1023 seglar Asbjørn sørover mot Avaldsnes med 90 mann, lysten på hemn fordi
kongen sin gardsstyrar, Tore Sel,
hadde tatt kornlasta hans.
Asbjørn
legg til på vestsida av Karmøy og går i løyndom og
aleine til kongsgarden der
Olav Haraldsson held påskegilde
med mange menn. Mellom kongens hirdmenn er
Skjalg,
son av Erling Skjalgsson.
Asbjørn høgg hovudet av Tore Sel
Når
Asbjørn kjem inn i gildesalen, høyrer han Tore Sel skryte
til kongen at Asbjørn
gråt då dei tok seglet frå han. Asbjørn
dreg då sverdet, spring fram og høgg
hovudet av Tore Sel.
Hovudet
fell ned på bordet framføre kongen, og blodet driv
bort på tallerkenen hans.
Kongen blir rasande og dømmer Asbjørn til døden. Skjalg Erlingsson ber om nåde
for fetteren
sin, men kongen svarar at han likar lite at nokon bryt påskefreden
og bruker føtene hans til hoggestabbe.
Kongen dømmer Asbjørn til døden
Sidan det
er langfredag, må kongen utsetje avrettinga av
Asbjørn til påskehelga er over. Skjalg
Erlingsson ser då at
det kan vera tid til å redda Asbjørn. Han samlar nokre
trufaste menn og fossror over Boknafjorden til Sola for å
gi Erling beskjed om
kva som har hendt på Avaldsnes.
Erling Skjalgsson kjem til Avaldsnes med 1500
mann
Erling
sender ut hærpila og samlar saman ein hær på nærare 1500 mann som seglar over
Boknafjorden. 1. påskedag
kjem flåten med Erling sin hær fram til Avaldsnes.
Kong Olav
er til messe inne i kyrkja. Erling stiller opp hæren
sin på begge sider av den
vegen som går frå kyrkja til kongs
hall. Når Olav kjem ut frå høgmessa, må han
gå spissrotgang mellom Erling sine menn.
Olav må setja Asbjørn fri
Olav har
ikkje anna val enn å forlika seg med Erling og
sleppa Asbjørn fri. Føresetnaden
er at Asbjørn, som nå
får namnet Selsbane, skal koma attende og bli kongen sin
årmann på Avaldsnes. Men Asbjørn gjer ikkje som kongen
vil. Han blir verande
heime på Trondenes.
Denne
hendinga på Avaldsnes set ennå meir vondt blod mellom
slektene, og leier opp
til Erling
sin død i Soknasundet i 1028
og slaget på Stiklestad der Olav Haraldsson blir
drepen.
Olav
Haraldsson blir Olav den Heilage.
Like etter at Olav døyr, skjer det ei
solformørking. Det skjer også merkverdige ting med liket. Ein blind mann som
får Olav sitt blod i augo, får synet tilbake. Og då Olav sitt lik etter eit år
blir grove opp at, kan dei sjå at hår, skjegg og negler har vokse. Olav får
tilnamnet den Heilage, og mange pilegrimar kjem til Olav sin gravstad i Nidaros.
Tekst Marit Synnøve Vea
|