VIKINGTIDA (ca 750 - 1050)
DRAKEN HARALD HÅRFAGRE
Det største vikingskipet som er bygd i i nyare tid.

Draken Harald Hårfagre er under byggingen i Haugesund.
Skipet blir sjøsett sommaren 2012. Les meir om dette under:
Draken Harald Hårfagre



 

 








Sidene er laga av Marit Synnøve Vea



Vikingtida er den tida dei skandinaviske

folka markerte seg og blei ein

politiske faktor å rekna med ute i Europa

 

Ute i Europa hentar dei idear, impulsar
og ein ny religion -  kristendommen


 

Tradisjonelt er det to historiske hendingar som har 

markert start og endepunkt for vikingtida:


793: Raidet mot
Lindisfarne kloster

1066: Slaget ved Stamford Bridge


Når vi ser på det arkeologiske materialet,

vil det vera meir korrekt å seia at

vikingtida starta rundt år 750.


Nokon forskarar går enda lenger tilbake,

og set startpunktet for vikingtida til dei

første tiåra etter 700.


VIKINGANE
Vikingane er mest kjente som sjørøvarar og krigarar, men dei var også handelsmenn, handverkarar, bønder, fiskarar, poetar, oppdagarar og statsbyggjarar.

Det er i vikingtida at vi får dei skandinaviske nasjonalstatane. Her heime startar Harald Hårfagre samlinga av Noreg og gjer Avaldsnes til Noregs eldste kongesete.


AVALDSNES –  VIKINGKONGANE SIN HEIM
Avaldsnes er best kjent som kongsgard for Harald Hårfagre og dei andre kongane vi kjenner frå sagaen.

Dei gamle sagaene fortel også om den legendariske kong Augvald, "gudane sin ætling og kongane sin ættefar". Det er han som har gitt namnet sitt til Avaldsnes.



HISTORISKE OG MYTISKE KONGAR
På Avaldsnes trer dei fram og blir verkelege, dei heroiske kongane frå sagaer og kvad, med sine skip, gullringar og hestar.


Rike arkeologiske funn kombinert med skriftege kjelder gjer Avaldsnes til ein av dei mest interessant stadane i Europa å studera vikingane si historie. Og framleis er det mange løyndommar i jorda og i sjøen på den gamle kongsgarden.

   
 




“Helt siden de første havgående fartøyer ble

bygget i slutten av steinalderen og fram

til høymiddelalderen,

har konger og høvdinger hatt tilhold på

Avaldsnes. En slik maktkontinuitet finnes ikke noe annet sted i Skandinavia."


(Prof. Dagfinn Skre)



Tekst av Marit Synnøve Vea
           
Foto: Ørjan Iversen
Ill. av Draken Harald Hårfagre:Steinar Iversen